Found Description
100% fast stilling i turnus ledig frå snarast
Arbeidsstad og Bransje
Tilrettelagte tenester f.t Søfteland bufellesskap. Søfteland bufellesskap er det nye bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Vi søker fagleg, engasjert og varm vernepleiar til 100 % fast stilling i turnus (ordinære dag- og kveldsvakter, samt langvakter på helg; m/arbeid kvar 4. helg). Stillinga inngår i ressursbemanninga i eininga; Tilrettelagte tenester. Dette betyr at din kompetanse kan bli brukt mellom dei ulike bufellesskapa.
Om arbeidsstaden
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene, for vaksne, omfatter ni bufellesskap og to dagsenter. Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca. 10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge, vaksne, tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi er i ein spennande oppstartsfase og ønskjer nye kollegaer som v...