Found Description
Me har ledig 100 % fast stilling som Rådgjevar Eigedom med oppstart så snart som råd. Stillinga er plassert i kommunalavdeling for Samfunnsutvikling og Kultur.
Innhald i stillinga:
Rådgjevar Eigedom i Voss herad skal bidra til å utvikle og forvalte ein framtidsretta eigedomsportefølje som støttar heradet sine mål for samfunns- og tenesteutvikling. Stillinga har ei sentral rolle i å identifisere moglegheiter, greie ut utviklingsprosjekt og omsetje eigedomsstrategien til konkrete tiltak. Rådgjevaren skal vere ein pådrivar for utvikling av eigedomsporteføljen, effektiv arealbruk, verdiskaping og berekraftige løysingar, og bidra til å utvikle eigedom som eit strategisk verkemiddel for Voss herad. Stillinga omfattar òg ansvar for forvaltning av eigedomsporteføljen, mellom anna utvikling og oppfølging av leige- og bruksavtalar, kontraktsforhandlingar, fakturering og systematisk gjennomgåing av eigedomsmassen. Vidare inngår handsaming av juridiske og eigedomsfaglege pr...