H

Prosjektleiar

Helse Vest IKT

bergen, bergen, Norway Full-time June 18, 2026

Found Description

Prosjektledelse, Helse Vest IKT
- Om stillinga
Helse Vest har kome langt i sin IT-revolusjon med innføring av nye system, konsolidering av systemporteføljen og digitalisering av arbeidsprosessane. Vi har likevel mange spennande og utfordrande oppgåver framfor oss. Prosjekta i Helse Vest sin portefølje har ulik storleik og kompleksitet og omfattar både nasjonale, regionale og lokale satsingar på klinisk og administrativt område. Vi treng engasjerte prosjektleiarar som kan leie an i dette arbeidet.
Våre prosjektleiarar må ha fokus på kvalitet for pasientar og tilsette i helseføretaka, og samstundes levere innanfor avtalt tidsrom og kostnad.
Som prosjektleiar må du evne å lytte til og oppfatte behov, samt evne å skape samhald og god dialog med alle interessentar i leveransane. Du må vere dyktig til å ta avgjersler - og ikkje minst smidig nok til å kunne leie eit prosjekt som endrar kurs når upårekna forhold dukkar opp.
Vi ser etter nokon med erfaring og kunnskap om metodar ...

Ready to Apply?

Submit your application for Prosjektleiar at Helse Vest IKT

Apply Now