Found Description
Driftsoperatør - Settefiskanlegg
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer.
No ser me etter ein ny kollega på settefiskanlegget vårt K.J Eide i Hålandsdalen. Ved settefiskanlegget vert rogn klekka i eige klekkeri, før fôring startar i kar på land og seinare i anlegget i skogseidvatnet.
Om stillinga
Som driftsoperatør blir du ein viktig del av teamet vårt og vil bidra til at me når verksemda sine mål og visjonar. Du tek aktiv del i den daglege drifta av anlegget og er med på å utvikle gode arbeidsmetodar og driftsrutinar. Stillinga inngår òg i gjeldande vaktordning.
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Fôring og røkting av fisk
- Drift og førebyggjande vedlikehald av anlegget
- Orden, reinhald og smitteførebyggjande arbeid
- Mottak og kontroll av fôr
Ready to Apply?
Submit your application for Driftsoperatør - Settefiskanlegg at Eide Fjordbruk
Apply Now