Found Description
Ønskjer du å arbeide i ei stor avdeling med høg fagleg kompetanse og mange spennande oppgaver? Avdeling for patologi ved Haukeland universitetssjukehus har no fire ledige faste bioingeniørstillingar.
Avdeling for patologi er ei stor og velutstyrt avdeling med nærmare 150 tilsette og eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, obduksjon og rettsmedisin, elektronmikroskopi, nyre- og nevropatologi. Vi tek årleg imot om lag 110 000 prøvar og utfører rundt 300 obduksjonar. Avdelinga har omfattande forskingsaktivitet i samarbeid med Universitetet i Bergen og andre fagmiljø i sjukehuset, mellom anna Biobank Haukeland, og utfører molekylærpatologisk diagnostikk i samarbeid med Kreftgenomikk.
Patologifaget er i rask utvikling, med aukande bruk av ny teknologi, digitalisering og molekylære analysar. Vi ønskjer derfor engasjerte og nysgjerrige bioingeniørar som vil vere med på denne utviklinga. Hos oss blir du ein del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med stort fo...