Found Description
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012.
Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Vi søker etter ein positiv, engasjert og dyktig medarbeidar til 100 % stilling i ett års vikariat som bioingeniør ved avdelinga med oppstart snarest. Stillinga vil vere knytta opp mot Seksjon for flowcytometri. Seksjon for flowcytometri har eit breitt tilbod av analysar for diagnostisering og monitorering av ...