Found Description
Ådalen barnehage er ein kommunal barnehage på Kverneland med eit sterkt fagmiljø og høg trivsel. Me jobber ut frå visjonen: Alle barn skal ha lyst på livet og evne til å meistre det. Me legg vekt på trygge relasjonar, leikens verdi og eit inkluderande fellesskap. Med varme og tilstadeverande vaksne og eit flott uteområde i dagleg bruk, skaper me ein aktiv og meiningsfull kvardag for både barn og tilsette. Hos oss møter du eit engasjert personal som samarbeider tett, som byr på seg sjølv, og som er opptatt av å gjera kvarandre gode i eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Stillinga er i første omgang 40 %, med moglegheit for auka stillingsprosent etter behov.
- Kjennskap til rammeplanen og arbeid i barnehage er ønskjeleg
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i...